Untitled-3

SANDE

GARDSMUSEUM

Generelt om Sande

 

Sande ligg på søraustsida av Lustrafjorden, om lag 9 km fra Skjolden Iangs vegan Skjolden— Urnes. Denne vegen er og kalla " Den romantiske vegen" eller "KuIturvegen" da den har fleire plassar som gjev store natur- og kulturopplevingar (Urnes stavkyrkje, Munthehuset, Feigefossen og Lerum saftmuseum for å nemna dei viktigaste).

Det er i dag to hovudbruk pa Sande. Fram til 1875 var det framleis berre eit bruk.

Den garden som seinare omtalas i denne soga er den som er nemnt som bruk nr 1- der Sandemuseet Iigg.

Garden har to stølar- vårstølen Hovden som Iigg beint opp for garden kring 750 m over havet, medan sommarstølen Iigg i Mørdalen i 900 m høgd på nordsida av elva/fossen Mordøla.

Sandenamnet seier at det er sandrik jord her- som Iett kom i rørsle ved uver. I gamle dagar seier soga at det gjekk mange jordskred her-  men i nyare tid har dette stabilisert seg.

Sande er ein gamal gard- og har vori eit eige bruk fra omkring 1300. Eigaren den gongen var kyrkja i Fet i Hafslo. Etter reformasjonen gjekk garden til biskopen i Bergen. I Noreg var det den gongen berre Kongen og/eller Kyrkja som var eigar av jorda. Den som dreiv jorda måtte da betale ei avgift eller leige til eigaren — som blei omtala som gardens "skyld".

Fyrst i 1852 fekk brukaren den gongen, Thorkild Thomassen Sande såkalla "kongeskøyte”på eigedomen og blei soleis den fyrste sjølveigaren.

Mange har vori brukar og eigar av Sande. Den fyrste me veit om var Ola Sande som kom til garden i 1610. Sia har det vori 15 familiar som har bruka eller eigd Sande.

Familien til Atle Ørbeck Sørheim som no eig Sande, kjøpte garden i 1898.

 

BuiltWithNOF
[Index] [Vegen til Sande] [Historia til garden] [Husmannsplassar] [Eigarar til garden] [Livet på Sande] [Nyttige lenkjer] [Bilete, arkiv] [Skulehefte] [Kontakt] [Sideoversikt]