Untitled-3

SANDE

GARDSMUSEUM

 Døgnrytmen og matstellet  

 På Sande kjem sola seint opp, noko som og speglar døgnrytmen. Arbeidsdagen byrja sjeldan før kl. 08.00, men dei jobba som oftast fram til kl. 20.00.

Frukosten var brødmat, kaffi og mjølk. Dugurd (føremiddagsmat) var mellom kl.11.00 og 12.00, og var som oftast kald graut, helst vassgraut (byggmjølsgraut) og surmjølk. Middagen kl 15.00 var hovudmåltidet, helst sjølvfanga fisk eller sjølvprodusert kjøt, med poteter og helst gulrøter og kål attåt.  Kveldsmaten var varm graut, helst vassgraut og nysila mjølk.

I onna fekk ein oftast eit mellommåltid i 17.00 - tida, helst servert ute på åkeren. Det var varm og kald drikke (kaffe og saft) med vaffelkake, eller hellekake attåt.

BuiltWithNOF
[Index] [Vegen til Sande] [Historia til garden] [Livet på Sande] [Gardsarbeid] [Døgnrytmen] [Produksjon] [Nyttige lenkjer] [Bilete, arkiv] [Skulehefte] [Kontakt] [Sideoversikt]