Untitled-3

SANDE

GARDSMUSEUM

Arbeidsdelinga på garden                                              

 Alt arbeid på garden var kjønnsdelt, noko var kvinnfolkarbeid medan resten var mannfolk-arbeid. Kjøkkenet og fjøsen var kvinnfolka sin arbeidsplass, rimeleg fordelt mellom husmora og tenestejenta som og var budeie. Heile sommaren låg budeia på stølen med geiter, kyr og sauer, og produserte smør og ost av all mjølka (geit og kyr). Dei fleste mannfolka kunne ikkje sjølve mjølka.

I onna var raking med rive og hesjing kvinnfolkarbeid, medan mannfolka slo, sette opp hesjar og raka høyet med sleperiva. Dei køyrde og inn høyet og tok seg av all lauvinga. Kvinnfolka på si side hadde ansvaret for å halda ugraset borte frå åkeren.

Bærplukking var kvinnfolka sitt ansvar, medan frukthaustinga var kvinne og menn saman om. Skjæring av bær - og frukttre og sprøytinga tok mannfolka seg av.

Revegarden var heilt ut mannfolka sin arbeidsplass, medan husmora hadde monopol på eggproduksjonen. Eggpengane gjekk rett i husmora sine lommar.

På Sande hadde og bonden sjølv ansvaret for ”det skriftlege” og kontakt med bank, forsikring og det politiske systemet.

BuiltWithNOF
[Index] [Vegen til Sande] [Historia til garden] [Livet på Sande] [Gardsarbeid] [Døgnrytmen] [Produksjon] [Nyttige lenkjer] [Bilete, arkiv] [Skulehefte] [Kontakt] [Sideoversikt]